mandag 9. november 2009

Mali!

Har De sett noko so nett og fint før? Dette er vesle Mali som var fødd i oktober. Ho er kjempelik mormora si og er berre så søt. Ho syg så fint på smukken også! For ein velstand! Her er ho på babymassasje på helsestasjonen førre måndag. Jenta til Susann er rett og slett ei go'jente!
Massevis av mørkt hår på denne jenta! Finn fram hårklemmer og hårstrikk no Susann! :)

søndag 8. november 2009

Jana 30 år!

Fredag kveld var vi inviterte i selskap til Jana som har blitt 30 år no i november! Michael hadde laga gresk middag,. Dei serverte også ostefat og mange gode kaker som smakte himmelsk ;)
Jana er ei flott dame som ALLTID har eit smil på lur. Vi har det også veldig kjekt på klubb ilag! Gratulerer så mykje med overstått dag!

Flem skule 50 år!

I går var vi på Flem skule og feira at den var blitt heile 50 år! Skulen og folk på øya elles hadde laga til ein flott fest med mykje flott underhaldning. Dei serverte god brennsnut og massevis av gode kaker! Dei hadde også laga til ei flott fotoutstilling av Flem skule der ein kunne sjå elevar frå svunne tider ;) og skulebygget si endring gjennom desse åra!Johanne synest det var veldig kjekt på festen! På stolen fekk ho god oversikt!

Astrid likte seg også på fest!

Petter var ein av programleiarane og var så heldig å få helse på ordføraren i kommuna!


torsdag 5. november 2009

Aldri for seint å lære...

Ja, som dåkke ser så har eg altså baka BRØD. Eg har prøvd mange gonger før, men det blir alltid mislykka. No har vi anskaffa oss kjøkkenmaskin, så då var det berre å prøve...
Desse har eg laga HEILT på eigahand! Ikkje så lekre, men som med fiskekakene vi laga førre helg så har dei MASSE personlegheit ;) Håper dei smakar!

Barnetrim

Johanne (og Astrid) har begynt på barnetrim i gymsalen på skulen (kvar onsdag). Eit flott tiltak for born under skulealder! Vi gjekk ikkje fjor, så dette var veldig spennande. Johanne skjønte ikkje heilt kva dette var for noko første gongen, men denne veka bar det rett ut i salen for å finne ein ball eller noko å leike med. Astrid var veldig fornøgd med å ligge på golvet og sjå på alle ungane som sprang fram og tilbake!
Av og til måtte Johanne bort til lillesøstra for å helse på ;)

Denne var spesielt kjekk å sitte på. Ho okkuperte heile greia sånn at ingen andre fekk låne. Måtte til slutt jage jenta bort ;)

Rockeringen var best å bite i...

søndag 1. november 2009

Guten min!

Det er ikkje så ofte eg legg ut bilde av den kjekke sonen min, men det er som sagt fordi han helst ikkje vil vere på blogg. Denne gongen var det eit unnateke. Eg kunne til og med skrive "the Geek" bak. Så her har dåkke altså Petter i kjent positur. Han har fått "ny" pc (arv), og har no ein time pr dag til data. Ein kjekk og snill storebror!

Verdens tøffaste!

Fekk melding med Solveig i dag om at fjøsdressen til Johanne var ferdig. Dermed bar det raka vegen til Haramsøya for å sjå! Ho er berre såååå flink til å sy. Spørst om eg må setje opp fleire bestillingar. Astrid er klar for fjøs ho og snart! ;) Sjarmøren Kasper!

Emma og Thea -to søte jenter!

Emma fekk også halde Astrid.

Her er den kjempetøffe Fjøsdressen med stor F! Bak på ryggen har ho applikert eit hjarte med tre kyr på! Over det står det ROGNE :)

På framsida har ho hatt på gardsnr og bruksnr. På venstre side er det eit nytt hjarte med ei ku på. Nede på høgre legg står det MØØ!
Ja, er ikkje ho den tøffaste fjøsjenta no so veit ikkje eg!